Har søkt om oppstart i 2020

Vestavind Yrkesakademi er blant dei 38 som søkjer om å starte friskule med oppstart hausten 2020.

Melshorn Hotell: Initiativtakarane bak det som kan bli ein ny privat vidaregåande skule på Melshorn Hotell, Vestavind Yrkesakademi, meiner det er eit behov for eit slikt tilbod. Foto: Arkiv.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Utdanningsdirektoratet presenterte onsdag ei oversikt over skular som har søkt om oppstart av friskule frå hausten 2020. Ein av dei er Vestavind Yrkesakademi på Hareid.

- I år ser vi at dei fleste søkjer på grunnlag av livssyn og profil. Talet på skular som søkjer på grunnlag av profil - som for eksempel idrettsskular for ungdom og skular med fokus på entreprenørskap er stabilt, seier fungerande avdelingsdirektør Magne Hopland Engebretsen i Utdanningsdirektoratet.

Søkjarane vil få svar på søknadane sine innan 1. februar 2020.


Vil starte vidaregåande skule på Melshorn Hotell

Inntil 240 elevar kan få plass på ein ny privat vidaregåande skule som etter planen skal startast opp på Melshorn Hotell. Skulen kan vere i sving allereie neste haust.



Initiativtakarane meiner det er behov:

Vil hindre fråfall

Iselin Eliassen Aske i Abdi & Aske poengterer at den private vidaregåande skule på Melshorn Hotell ikkje skal konkurrere med det offentlege tilbodet. – Så er det veldig kjekt at det blir så mykje engasjement kring dette, seier ho.