Hareid sanitet etterlyser fleire badarar

– Bruk varmtbadet!

Låtten gjallar i veggene i varmtbadet på Hareid. I bassenget ligg fire karar og skvalpar rundt, medan dei finn sælebot i det varme vatnet og fôrar kvarandre med gode historier.

BADEKARANE: F.v. Skjalg Magnus Holstad, Bjarne Sukka, Tore Nedrelid og Lidvard Riise møtest i varmtbassenget på Hareid kvar måndag formiddag. Hareid sanitet håper endå fleire vil nytte seg av bassengtilbodet, då dette er avgjerande for at varmtbadet skal halde fram. 

Nyhende

Kvar måndag møtest Skjalg Magnus Holstad, Bjarne Sukka, Lidvard Riise og Tore Nedrelid i varmtbadet i kjellaren på Hadartun. Med lekamane nedsøkkte i fleire-og-tretti grader varmt vatn, mjukar dei opp støle musklar og stive ledd.

– Her er så varmt i vatnet at varmen sit i kroppen heilt til neste gong, ler Bjarne Sukka.

– Skjalg, hadde ikkje du ei låk skulder, spør han badekameraten.

– Jau, skal tru kvar den har blitt av, svarer Skjalg og ser seg litt rundt, medan Bjarne skrattar godt.

I drift sidan 1977

Varmtbadet vert drive av Hareid Sanitet og har vore eit tilbod for innbyggjarane i Hareid sidan 1977.

Det har vore i meir eller mindre kontinuerleg drift sidan den gongen, men med enkelte avbrot grunna reparasjonar og vedlikehald. Bassenget vart totalrenovert etter ein vasslekkasje for eit par år sidan, mykje takka vere økonomisk støtte frå det lokale næringslivet.

Etter at Ulsteinbadet opna i desember 2017 har varmtbadet i Hareid opplevd ein annan form for lekkasje.

Reiser til Ulsteinvik

– Vi merkar det på besøkstala at mange har lyst til å prøve ut tilbodet i Ulsteinvik i staden. Det er forståeleg. Men vi vil gjerne at så mange som mogleg nyttar seg av varmtbadet på Hareid, seier Astrid Rise.

Ho får støtte frå sanitetskollega Hildegunn Alme.

– Særleg på dagtid i vekene har vi ein god del ledig. Ein tur i varmtbadet gjer godt. Er du plaga med stive ledd og muskulatur kan få hjelp mot plagene her, seier ho. For heimeverande småbarnsforeldre kan ein tur i varmtvassbassenget ein formiddag vere kjekt for små og store.

Det er i utgangspunktet ikkje noko avgrensing på kor mange som kan vere i bassenget samstundes, så to familiar kan til dømes gå saman om å leige bassenget.

– Dess fleire, dess rimelegare per person. Reinsinga av vatnet er så effektiv at det går heilt fint, opplyser badevakt Claudia Ritter.

Halvparten av inntektene frå arbeidet til Hareid sanitet går til drift av varmtbadet, inkludert løn til to badevakter. Badevaktene arbeider i turnus og syter for badetryggleiken måndag til fredag, frå halv ti til åtte på kvelden. Laurdagane er det sanitetskvinnene som er vakter, eit arbeid dei gjer på dugnad. Også arbeidet med å gi badet ei kraftig reingjering når det er stengt sommarstida vert gjort på frivillig basis.

– No oppmodar vi store og små til å bruke varmtbadet så ofte som råd. Slik kan vi sikre vidare drift, seier Hildegunn Alme.