Maria Myrene Vågsæter, Vivian Garnes og Annfrid Worren møtte fram på bakarste benk i kommunestyresalen som representantar for bygdene Haddal, Garnes og Eiksund under formannskapsmøtet tysdag. Dei følgde med på heile handsaminga av saka kring det såkalla omstillingsprosjektet, der administrasjonen i Ulstein kommune i samråd med Agenda Kaupang AS hadde kome fram til ei rekkje tiltak kommunen kan spare pengar ved å gjennomføre. Eitt av punkta gjaldt altså effektivisering av skulestrukturen i kommunen.
– Unødvendig
Høgst truleg ville sistnemnde ført til at Haddal skule hadde blitt lagt ned. Men, etter ein grundig debatt var det eit samrøystes formannskap som gjekk for å ta ut dette punktet frå tiltakslista – i tillegg til fleire andre punkt.