Larsnes:

Røykutvikling frå einebustad

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melde klokka 12.13 torsdag ettermiddag om brann i ein einebustad på Larsnes i Sande kommune. Det blei observert røyk frå einebustaden.

Ifølgje Vestlandsnytt opplyste eit vitne på staden at det såg ut til å kome mindre mengder røyk frå huset like før klokka 13.00, men ikkje flammar.

Fleire røykdykkarar kom til Larsnes frå Herøy, opplyste 110-sentralen, som like etter kunne opplyse at brannen var sløkt.