Vil ha møte om huset

Hareid kommune ber om eit møte med representantar for Fantehuset.

Møte Hareid kommune gav forsamlingshuset på Holstad til organisasjonen Fantehuset i 2010. No vil kommunen ha møte med styret.   Foto: Arkiv/Linda Eikrem.

Nyhende

– Bakgrunnen for denne førespurnaden er mellom anna branntilsyn i Fantehuset og etterfølgjande varsel om stenging, samt ein rapport frå lensmannen i Hareid og Ulstein, om omfattande alkoholbruk og valdsepisodar.

Det skriv Bent Arild Grytten i sektor for samfunnsutvikling i Hareid kommune i ein e-post til ein av styremedlemmane i Fanthuset.


 

Forsamlingshuset på Holstad vart gitt frå kommunen til organisasjonen Fantehuset i 2010. Eit av vilkåra var at huset skulle brukast til kultur-/ungdomsføremål. Og det var ein føresetnad at bygget skulle haldast ved like på ein tilfredsstillande måte, står det i avtalen mellom kommunen og organisasjonen.


 

Kommunen vil no skaffe seg oversikt over situasjonen og drøfte kva som skal gjerast dersom det viser seg at bygget ikkje stettar krav.

Hareid kommune vil ha møte torsdag i neste veke og vil også gjennomføre synfaring i huset.