Lars Tangedal besøkte Hareid sokn i november i fjor, før han søkte på soknepreststillinga. Bildet er teke på Overåsanden. – Eg oppfatta at det er godt samarbeid mellom kyrkja og bedehuset i Hareid. Det skjer mykje positivt i Hareid og eg ønskjer å vere med å vidareføre at kyrkjelyden er ein naturleg del av samfunnet, seier han. På fritida håper han å få tid til kajakkpadling, fjellturar, stelle med hus og hage og han fortel at han tidlegare har vore korsongar. Foto: Hareid sokn

Nyepresten kjem til Hareid som nygift

– Å flytte til Sunnmøre blir ein ny start, seier Lars Tangedal (52). I sommar startar han som sokneprest i Hareid.