Willy Nesset fekk Paul Harris

– Det er nesten utruleg alt du har fått til

– Det står stor respekt av deg, Willy, sa Johan Ole Brandal på Rotarymøtet på Hareid førre veke, då Willy Nesset (65) fekk heidersprisen Paul Harris.

Ein glad mottakar: Willy Nesset sette stor pris på æresprisen Paul Harris. Foto: Innsendt  Foto: Eileen Hareide Brandal

Festar nåla: Vegard Gjerde festar nåla på jakka til Willy Nesset. Foto: innsendt  Foto: Eileen Hareide Brandal

Nyhende

Paul Harris er eit sertifikat, eller heidersbevis, som syner at kandidaten er verdig mottakar av Rotary sin Paul Harris pris.

Prisen er den høgaste æresbevisninga i Rotary, og blir berre delt ut til personar som har utmerka seg med samfunnsnyttig arbeid gjennom lang tid.

Det var Ole Johan Brandal som las opp grunngjevinga for kvifor Willy Nesset får denne utmerkinga. – Du har opplevd mykje i livet ditt, Willy, frå oppveksten i Snipsøyrdalen til bedriftseigar her heime og i Polen, og ishavsskutereiar med meir, sa Brandal.

Skulegang og arbeidsliv

Første skuleåret hadde Nesset på Snipsøyr skule, men skulen vart lagt ned, så frå andre klasse gjekk han på Bigset skule. Etter folkeskulen gjekk han realskule på Hareid og handelsskule i Volda. Så starta eit rikt arbeidsliv med mykje variasjon. To år på Samvirkelaget i Ulsteinvik, eit år som godsekspeditør på Alvestadkaia på Hareid, 7–8 år på Libra. Så starta han eit sandblåsingsfirma saman med eit par andre karar. Så vart han driftsleiar på Nordvest Båt på Haramsøya. Etter nokre år tok Nesset arbeid hos Stålgrosisten i Ålesund, der han skaffa seg god kontakt med kundar frå Stavanger til Bodø.

I 1997 starta han for seg sjølv i stålbransjen. Nesset starta firmaet VS Poland, og har i dag kontor i både Gdansk, Stettin og Hareid.

Fotball

Innan fotball har Nesset lang fartstid som spelar, trenar og leiar. Mellon anna var han oppmann for Hareidsfotballen då Hans Gisle Holstad var trenar.

Politisk aktiv

Nesset har også engasjert seg i lokalpolitikken. Han har to periodar bak seg i kommunestyret. Han har vore både varaordførar og ordførar. Willy Nesset vart ordførar då Gunn Berit Gjerde vart kalla inn til Stortinget.

Under eit storestein

På møtet vart også spalta Nesset hadde for nokre år sidan i Vikebladet Vestposten trekt fram, Under eit storestein. Der viste han fram ei filosofisk side av seg. Her var det skråblikk på små og store hendingar i lokalsamfunnet, med humoristisk undertone.

Ishavsmuseet

Willy Nesset har brukt mykje tid og krefter på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Nesset var styreleiar då vernebygget over Aarvak vart bygt, og han fekk i stand ei stor og vellukka påbygging av sjølve museet.

Omtrent samtidig med at han var styreleiar på museet, det vil seie i 2007, var ishavsskuta «Polarstar» i spel. Skulle ein ta vara på skuta eller skrape henne?

Det ende med at Nesset og Johan Veiset i 2008 kjøpte skuta, for å setje henne i stand. Nesset fekk med seg Riksantikvaren, og i desember 2013 sende dei skuta, men lokalt mannskap, til Stettin i Polen, for full restaurering og overhaling.

Skuta vart der i nesten fire år, før ho kom tilbake til Brandal som ei dronning i august 2017. «Polarstar» var flott restaurert og flaggpryda, og vart tatt i mot til fest og glede for mange, ikkje minst Riksantikvaren.

I fjor vart det gjort avtale med ekspedisjonsselskapet Artic Voyager i Tromsø om å nytte skuta som eit reisande dokumentasjonssenter langs Norskekysten og på Svalbard.

«Polarstar» skal ta til i år, når våren kjem. Skuta er sertifisert for 24 passasjerar, inntil 50 personar på dagsturar. Heimehamna skal framleis vere Hareid.

Gjort mykje

Som om ikkje dette var nok, har Willy Nesset i alle år vore med i Snipsøyrdalen Grendelag.

Nesset har vore styreleiar og stemnefestleiar i Hareidsstemna, og han fekk tildelt kulturprisen i Hareid kommune i 2013.

– Det er nesten utruleg alt du har fått til, avslutta Brandal og gratulerte med heidersprisen.