Ein person er død, etter trafikululukka i Eiksundtunnelen natt til måndag:
Ifølgje Sunnmørsposten er det ein mann som mista livet.
Ulukka skjedde i 04.30-tida, og operasjonsleiar i politiet, Arild Reite, fortel at det ikkje var vitne til ulukka.
- Det var andre trafikantar som kom til og oppdaga at det hadde skjedd ei ulukke, fortel han.
Krimteknikarar frå politiet og ulukkesgruppa i Statens Vegvesen var på staden måndag for å undersøkje ulukka.
Arild Reite er operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt. Foto: Politiet
Etter det Vikebladet Vestposten forstår skjedde ulukka på Ørstasida, like etter botnen av den nesten åtte kilometer lange tunnelen.
Det var ein person i bilen og vedkomande er død.
Den døde var måndag morgon ikkje identifisert.
Politiet er på staden og gjer undersøkingar.
- Det er vanskeleg å seie kor lenge tunnelen blir stengd, men det vil truleg gå nokre timar, seier Arild Reite.
Ifølgje Møre-Nytt vart sjåføren sitjande fastklemt i bilen etter å ha krasja i tunnelveggen.
Omkøyring er skilta
Då Vikebladet Vestposten var ved tunnelopninga på Eiksundsida like etter klokka 06.00, var det lite trafikk der.
Ein bom og raude, blinkande lys fortalde om stenginga.
I tillegg stod Jostein Hånes frå Hareid og Ulstein Brannvesen ved tunnelopninga og informerte bilistane som ikkje hadde fått med seg at tunnelen er stengd.
Jostein Hånes i Hareid og Ulstein Brannvesen Foto: Linda Eikrem
- Tunnelen blir nok stengd i fleire timar, sa han til eit titals sjåførar, som alle valde å snu bilen og køyre derifrå.
Alternative ruter for den som til sømes skulle til Ørsta/Volda vart via ferjesambanda Hareid-Sulesund, Årvik-Koparnes og Solevåg- Festøy.
Reisande fekk også informasjon om tunnelstenginga gjennom eit lysskilt like etter Hasundkrysset. I tillegg stod det folk frå vegvesenet like etter rundkøyringa i Garneskrysset og informerte bilistar.