Karsten sprang seg til finalen

Karsten Warholm kom først i mål på semifinalen i 400 meter, og er såleis klar for finalen i morgon kveld. Skjermspar frå NRK2. 

Karsten Warholm vart intervjua av Line Andersen frå NRK like etter løpet. Skjermdump frå NRK 2. 

Nyhende

Etter Karsten Warholm tidlegare i dag sprang seg kontrollert inn til semifinalen på 400 meter, på tida 47,05, var han om mogleg endå meir kontrollert i kveld. Han nærast jogga i mål på tida 45,95, og var først i mål i heatet sitt.


Vidare til semifinale

Karsten Warholm tok seg kontrollert vidare frå forsøket på 400 meter.

 

- Viss ikkje Karsten Warholm kvalifiserer seg til finalen her er det for at taket dett ned, spådde eine kommentatoren før semifinalen. Og det gjekk veldig bra. Taket ramla ikkje ned, og Karsten kom vidare.

Etter løpet kommenterte Karsten Warholm til NRK at det var den lettaste semifinalen han hadde vore med på. Han sa også at han hadde sove godt for å lade opp til dette løpet. Han ville ikkje svare på om berre gull er godt nok i finalen i morgon kveld.

Då står det att å sjå om Ulstein spring frå resten av verda i morgon også.