Nytt gull til Karsten

Karsten tok EM-gull laurdagskvelden på 400 meter. (skjermdump frå NRK 2) 

Gleda var stor då Karsten Warholm skjøna at han hadde vunne løpet og han såg kor fort han hadde sprunge. (skjermdump frå NRK2) 

På Sjøborg var Dimna IL samla for å sjå Karsten springe finalen.   Foto: Arve Hatløy

Det var ingen tvil om at Karsten Warholm kom først i mål. (skjermdump frå NRK2) 

Nyhende

Karsten tok i kveld Noreg sitt andre gull i EM i Glasgow då han sprang 400 meter på fantastiske 45,05!

Det var også tangering av Europa-rekord. Og det var første gongen Noreg vann gull i denne øvinga under EM. Og det var første gongen at Karsten tok internasjonal gullmedalje på 400 meter flatt.

Alt klaffa

Til reporter Line Andersen i NRK sa Karsten etterpå at han kjende det var eit bra løp. Han gjorde løpet sånn som han veit at han skal, og det greidde han, noko det ikkje er alltid går. Han vart glad då han såg opp på tavla og såg den gode tida.

Gullvinnaren som tidlegare i år vart kåre til årets førebilete nytta sjansen til å skryte av trenaren sin, dei to jobbar godt i lag. Han fortalde at trenaren har introdusert han for ein del valdsfilmar, noko som fungerer godt for å få opp adrenalinet.

Elles har europameisteren sove godt.

Inspirert av Ingebrigtsen

Tidlegare same kveld tok Jakob Ingebrigtsen EM-gull på 3000 meter, og Henrik Ingebrigtsen kom på 3. plass.

Då Karsten såg dette fekk han også lyst til å levere, sa han, noko han gjorde til gagns.