Hareide kåra til årets trenar

Åge Hareide blir sett pris på som landslagstrenar i fotball i Danmark. (arkivfoto)  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Åge Hareide frå Hareid vart i går kveld kåra til årets trenar i Danmark, skriv NRK Møre og Romsdal.

Kåringa skjedde under Dansk Fodbold Award Horsens. Det var dei danske fotballtrenarane som røysta fram den danske landslagstrenaren til vinnar. Dimed har han vunne prisen som årets trenar både i Noreg, Sverige og Danmark.