– Gjorde ein fantastisk jobb

Flotte prestasjonar av utøvarar frå Varg Kampsport i Kristiansund.

Varg Kampsport: Sist helg reiste Varg Kampsport til Kristiansund med eit reisefølgje på 21 personar. 13 av desse var utøvarar som skulle gå kampar i kickboksing og thaiboksing og av 13 utøvarar kom 12 heim med medaljar. Foto: Varg Kampsport. 

Nyhende

Sist helg la Varg Kampsport ut på tur til Kristiansund med ein delegasjon på 21 utøvarar, der 13 skulle gå kamp i K1 Kickboksing og Thaiboksing. Fordelinga der var halvparten frå Varg si avdeling i Volda og den andre halvparten frå avdelinga i Ulsteinvik.