Fylkeskonservatoren om fornminna på Osneset

– For oss er det viktig å ta vare på heilskapen

Biletet er frå utgravingane på austsida av Osnes kyrkjegard i 1999 då det vart gjort funn av eit stolpehus. - Det har blitt avdekt eit unikt kulturmiljø i dette området, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad.  Foto: Bjørn Ringstad

Oshaugen er nok i dag den største gravhaugen vi har i vårt fylke. Like ved har vi altså det som truleg er spora etter garden til den eller dei som vart gravlagde i haugen.

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad
Nyhende

– Dei arkeologiske funna ved Oshaugen er nokre av dei tydelegaste spora etter busetting frå bronsealderen og jarnalderen vi har i Møre og Romsdal, seier fylkeskonservator Bjørn Ringstad.