Ny leiar i venneforeininga

Etter 17 år som leiar for Vonheims Venner gir Johs Klungsøyr stafettpinnen vidare til Aud Grimstad. Det blei klart under årsmøtet til venneforeininga måndag.

Vonheims Venner: Frå venstre ser ein Johs Klungsøyr, skrivar, Magne Smoge, terreng og grøntanlegg, Siv Røyset Kaldhol, kasserar, Runar Haddal, presentasjon, Aud Grimstad, leiar.  Foto: Privat

Nyhende

– Aud har stått sentralt i styret, som sekretær i 5 år. Ho har eit brennande engasjement for det kulturarbeidet som vi held på med, seier Johs Klungsøyr.

Johs heldt sitt siste årsmøte som leiar for Vonheims Venner i Rasofielgarden 4. mars, og meiner det er ein svært kompetent person som no har tatt over leiarvervet i venneforeininga.

– Ho har vore ei viktig støtte for meg som leiar, og eg gler meg over at det er ho som skal ta på seg leiaransvaret vidare i arbeidet vårt. Eg er veldig godt nøgd med at Aud ønskte dette. Ho har mange gode eigenskapar og er genuint interessert, seier Johs Klungsøyr.

Det var også andre endringar i styret, då Siv-Marit Røyset Kaldhol blei valt inn som nytt styremedlem.

Takka for innsatsen

Den nye leiaren var oppteken av å trekkje fram avtroppande leiar Johs Klungsøyr etter at ho vart valt.

– Johs har utruleg god kunnskap om Rise-familien, og kjenner kvar enkelt både av utsjånad og eigenskap. Han har gjort ein iherdig jobb i 17 år, og bidraget hans gjer at Hareids-folket og mange andre kan få kjennskap til denne spesielle familien.

– Når eg no skal ta over leiarskapet, føler eg det som dei seier, «å hoppe etter Wirkola». Eg er difor både heldig og glad for at han framleis sit i styret saman med oss, slik at eg lett kan nå han når eg treng nokon å rådføre meg med, seier Aud Grimstad.