Avdelingane er klare

Flø 2, Haddal og Hjørungavåg i same avdeling i sjuarserien.

Sjuar: Hjørungavåg er i avdeling med mellom anna Flø 2 og Haddal den komande sesongen. 

Nyhende

Det går fram av oppsettet lagt ut på Sunnmøre Fotballkrets sine nettsider. Det er lagt opp til to avdelingar for menn og ei for kvinner.

I avdeling 1 for menn er Bergsøy 4, Flø 2, Haddal, Hjørungavåg, Moltustranda, Tjørvåg 2 og Vanylven 2 samla. Bergsøy 3 er einaste lag frå søre Sunnmøre som er plassert i avdeling 2.

I sjuarserien for kvinner er det sju lag, med Hasundgot einaste representant frå Ulstein og Hareid. Hasundgot møter Emblem, Folkestad/Volda, Guard, SIF/Hessa, Skodje og Ørsta 2.