Hødd møter Brattvåg

Laurdag er det duka for treningskamp på Høddvoll, så sant ikkje snøen skaper trøbbel.

Hødd–Brattvåg: Laurdag er det klart for treningskamp mellom Hødd og Brattvåg. Laga skal også møtest i 2.-divisjon denne sesongen.  Foto: Per Werkland

Nyhende

Det er klart for kamp mellom divisjonskollegaene Hødd og Brattvåg på Høddvoll laurdag. Hødd er nyleg tilbake frå eit treningsopphald i Tyrkia, der laget tapte 0–1 for russiske Urozhay Krasnodar, men får nok eit betre svar på kvar ein står i kamp mot Brattvåg.

Laurdagens bortelag har gjort til dels store endringar frå i fjor. Mellom anna er den danske trenaren René Skovdahl henta inn og i tillegg har klubben signert heile ni spelarar før sesongen.

Ifølgje Hødd sine nettsider er utgangspunktet at kampen blir spelt på Høddvoll, men at den kan bli flytta til Color Line Stadion i Ålesund, noko som blir avgjort laurdag morgon.

Kampstart på Høddvoll er 14:00. Seinare på dagen skal rekruttane møte 4.-divisjonslaget Ørsta, der Vegard Heltne er trenar.