Ishavsmuseet fekk tilskot til brannanlegg

- Heise de’ - dokke må kome oftare!

Arrangementet i Brandal var eit samarbeid mellom Ishavsmuseet og Sparebanken Møre, og gleda var stor då Ishavsmuseet fekk overrekt ein sjekk på 150.000 kroner til nytt overrislingsanlegg ved museet. Frå v.: Melinda Skeide, Sparebanken Møre Hareid, styrar Webjørn Landmark ved Ishavsmuseet, Leiv Arne Nydal, næringslivsavdelinga i Sparebanken Møre, Oddbjørn Karlsbakk i HG Elektro som skal montere anlegget og Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre Ulsteinvik.  Foto: Anne Gry Eilertsen

Nyhende

- Heise de’ - dokke må kome oftare! sa museumsstyrar Webjørn Landmark då Sparebanken Møre overrekte museet ein sjekk på 150.000 kroner onsdag kveld.

Overrekkinga skjedde i samband med eit kundearrangement som inkluderte bacalao på Ishavsmuseet i Brandal og filmen «Amundsen» på Sjøborg-kinoen etterpå.

Pengane skal nyttast til utskifting av museet sitt brannvarslingsanlegg, som har stått uendra sidan 1999, trass i fleire utbyggingsprosjekt på museet sidan  då.

- Gåva gjer at det nye anlegget er godt og vel halvfinansiert, sa Landmark og viste til at sparebanken hadde vore raus med museet også før. Her peikte han på tilskot til dei to statuane utanfor museet, til Aarvak-bygget, til nytt påbygg og tilskot til nye stolar.

Det er HG Elektro som skal montere anlegget snarast råd, og i følgje Landmark har dei lova å gjere det så rimeleg som råd.

I samband med Amundsen-filmen, som sparebank-kundane fekk sjå etter at bacalaoen var komen på plass, opplyste Landmark at Amundsen hadde vore i Brandal, truleg i 1925.

– Han landa med sjøflyet sitt her og var i land og besøkte Peter S. Brandal, fortalde Landmark.

Amundsen-filmen gjorde elles eit sterkt inntrykk. – Lærerikt, fantastisk skodespelkunst og flott filming, var mellom kommentarane etterpå.