Med spenn i tid og uttrykk

Bileta som no er å sjå på separatutstillinga med Liv Strand Hareide i regi av Ulstein kunstlag, er måla gjennom eit tidsspenn på 20 år.

Utstilling: Ulstein kunstlag opna torsdag ei utstilling med akrylmåleri av Liv Strand Hareide (t.v.). Kunstnaren tok del på utstillinga som vart opna av kunstlagsleiar Monica Vermeer (t.h.). 

Nyhende

Det er ei utstilling med mange uttrykk som opna på Amfi i Ulsteinvik torsdag kveld. Men sjølv om stilen varierer så er kunstnaren den same. Liv Strand Hareide er tilbake der ho vaks opp, i Ulsteinvik.