Tre trafikkulukker

Nyhende

Ein bil hamna i autovernet mellom Garneskrysset og Haddal fredag ettermiddag.

Ifølgje politiet er det minmale skadar på bilen, og dei to som sat i bilen, framstår som uskadde.

Politiet dirigerer trafikken forbi.


Tre personar var involverte i ei trafikkulukke i Eiksund fredag morgon.

Ifølgje politiet har ein bil med tre personar køyrt inn i autovernet, ikkje så langt frå Eiksundtunnelen.

Det eine køyrefeltet vart sperra etter ulukke.


I Røyra i Herøy vart ein person send til lege etter ei utforkø litt før klokka 07.30 fredag morgon.

Det var to personar i bilen som køyrde av vegen. Den eine av dei klaga på smerter i ryggen og vart teken hand om av ambulansepersonell som kom til staden.

Sjåføren, ein mann i 20-åra, er ifølgje politiet sikta for ruskøyring.