Kvinnesak og feminisme i 2019

Eg treng ingen kvinnedag der menn skal gratulere meg med dagen og opne døra for meg

Nyhende

8. mars er over for denne gongen. Då kvinnedagen vart innstifta i København i 1910 var formålet at dagen skulle vere ein aksjonsdag for kvinnestemmeretten. I 1917 demonstrerte kvinner i St. Petersburg den 8. mars, og dette vert rekna som ei opptakt til den russiske revolusjonen. I 1975 vart dagen proklamert som internasjonal kvinnedag av FN, og i vår tid vert dagen markert av både kvinner og menn over heile verda. Nokre har tatt til orde for at det norske samfunnet i dag er likestilt og at kvinnekamp er noko som høyrer fortida til. Treng vi verkeleg ein eigen kvinnedag i 2019?