Russane ved UVS støttar Kreftforeininga også i år – går med bøsse tysdag og onsdag:

– Noko som rammar oss alle

Saman for kreftsaka Her er eit knippe av aksjonskomiteen til russen ved Ulstein vidaregåande skule. Frå venstre ser ein Frida Jonberg, Alida Mari Overå Hide, russepresident Lena Kathrin Solbakken og Saara-Sofia Ulfstein. Vilde Sundal og Bjørn Refsnes var ikkje til stades då bildet blei tatt.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Tysdag 12. og onsdag 13. mars kjem årets russekull ved Ulstein vidaregåande skule rundt med bøsser til husstandane i Ulstein og Hareid.

Så mange som 1 av 3 blir råka av kreftsjukdom i løpet av livet, og resten av oss blir ramma som pårørande. Ulsteinrussen i 2019 gjer som mange kull før dei då også dei vel å samle inn pengar til den særs viktige kreftsaka.

I 2018 samla Ulsteinrussen inn heile 220.000 kroner til Kreftforeningen, og håper nok at dei kanskje kan slå den summen i år.

Måndag gjekk startskotet for årets «Krafttak mot kreft», og tysdag og onsdag kjem russane ved Ulstein vidaregåande skule rundt til husstandane i Ulstein og Hareid.

Aksjonskomité

Vikebladet Vestposten møtte nyleg eit knippe av aksjonskomiteen til russen ved UVS, nemleg Frida Jonberg, Lena Kathrin Solbakken, Alida Mari Overå Hide og Saara-Sofia Ulfstein.

– Det er jo inga tvil om at dette er eit svært viktig tema. I år går det som blir samla inn til forsking på krefttypar det er vanskeleg å overleve. Lungekreft og kreft i bukspyttkjertelen er blant desse, seier Lena Kathrin Solbakken.

Kickoff før innsamlinga

Den største oppgåva til aksjonskomiteen har vore å få med seg medrussane sine til å gå med bøsser for å samle inn pengar.

– Det er i alle fall det største ansvarsfeltet vårt, men vi opplever at russane stiller opp, og det er sjølvsagt veldig kjekt, seier dei.

Komiteen fortel at det hovudsakleg er 12. mars russane kjem rundt til husstandane i Hareid og Ulstein, men at dei som ikkje kan gå med bøsse tysdagen heller kan gå onsdagen.

Før russane skal ut og gå tysdag blir det eit kickoff på skulen, der ein representant frå Kreftforeningen kjem for å snakke om aksjonen.

– Det blir også ein del praktisk informasjon om korleis vi skal gjennomføre det heile, seier dei.

Det blir også mogleg å vippse pengar til aksjonen, dersom ein ikkje kan gi når russane kjem rundt med bøsser, eller rett og slett ikkje er heime når dei bankar på døra.

– Vi vil sjølvsagt oppmode folk til å gi, og gler oss til å møte folk, seier dei til slutt.