Kastrer katten din no!

  Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Nyhende

– Kastrer kattane dykkar no, oppfordrar Dyrebeskyttelsen før paringstida er i full gang. I 2017 tok foreininga inn 6.600 kattar som var forlatne.

Dyrebeskyttelsen meiner heimlause kattar er eit aukande problem. I heile landet hjelpte foreininga i gjennomsnitt 18 kattar om dagen i 2017.

Leiar Åshild Roaldset seier det vil hjelpe kraftig på denne statistikken om fleire kastrerer kattane sine.

– Forsking viser at ukastrerte kattar streifar oftare, slåst meir og bidrar til at talet på heimlause kattar som treng hjelp frå Dyrebeskyttelsen Noreg aukar, seier ho.

I tillegg til kastrering påpeikar Dyrebeskyttelsen at obligatorisk ID-merking av dyr er eit viktig tiltak for å redusere heimløyse og fri reproduksjon.

– ID-merking koplar dyr med eigar. Dermed kan ein kontakte eigar når kattungar blir fødde ute og når kattar kjem på avvegar. Katteeigarar må forstå at ein har eit juridisk ansvar for alle kattungane frå ei kattemor dersom ein eig ein hokatt, seier Roaldset.