Borar for å kutta prisen på Stad-tunnel

Selskapet Diamant Wire Teknikk (DWT) borar seg gjennom traseen til Stad skipstunnel. Bergprøvane skal gi Kystverket eit betre grunnlag for å seia kva tunnelen kjem til å kosta.   Foto: Terje Andreassen/Kystverket.

Nyhende

(NPK): Dei første bergprøvane frå Stad skipstunnel er henta ut. Dei skal visa om det er mogleg å bygga ein tunnel til 2,7 milliardar kroner.

– Prøvane viser ganske godt fjell på Moldefjord-sida av fjellet. Det er mykje gneis, som me forventa å finna, seier avdelingsleiar Terje Andreassen i region Vest i Kystverket til Nynorsk pressekontor.

På andre sida av den planlagte tunnelen, ved Vanylvsfjorden, var det opp mot tretti meter med lausmassar før boret kom inn til solid fjell

Kystverket har starta arbeidet med å kvalitetssikra prisen på Stad skipstunnel. Ein del av arbeidet er å ta ut bergprøvar i den 1,7 kilometer lange traseen til tunnelen.

Det er selskapet Diamant Wire Teknikk (DWT) som no borar gjennom heile traseen til det som kan bli den lengste skipstunnelen i verda. DWT hentar ut heile kjerneprøvar som skal analyserast av fagfolk.

Kystverket er så langt nøgd med resultata, men Andreassen minner om at det er for tidleg å konkludera. Prøveboringa starta i februar og skal etter planen halde på til påske.

Må kutta prisen

Prøveboringa kjem etter at samferdsledepartementet bad Kystverket sjå på kostnadane på nytt. Dette blir den 21. utgreiinga av tunnelen, viser ei oppteljing NRK har gjort.

Ei ekstern kvalitetssikring av tunnelprosjektet frå i fjor vår konkluderte med at bygginga av den 1.700 meter lange tunnelen ville bli mykje dyrare enn planlagt. Kvalitetssikrarane meiner det er sannsynleg at prosjektet vil kosta 3,6 milliardar kroner.

Målet med den nye gjennomgangen til Kystverket er å få kostnadene ned til nivået bestemt i Nasjonal Transportplan (NTP) 2018–2029. Der er det sett av 2,7 milliardar kroner til prestisjeprosjektet.

Reduserer uvissa

Bestillinga frå samferdsleminister John Georg Dale (Frp) var å få kontroll på kostnadane og få prisen ned til 2,7 milliardar. Andreassen i Kystverket seier dei jobbar for å få ned prisen på tunnelen så mykje dei kan.

– Eg kan ikkje seia at me klarer å få kostnadane heilt ned til det som er forventa, men det me gjer er å redusera uvisse, seier han.

Kvalitetssikringsrapporten peikte i fjor på at uvissa kring tunnelprosjektet var stor – at Kystverket undervurderte utfordringane ved bygginga. Det er denne uvissa Kystverket no prøver å fjerna ved å henta ut prøvar av fjellet på Stadlandet.

Kystverket skal levera svaret sitt til Samferdsledepartementet 15. juni, og Stortinget vil truleg få saka på bordet til hausten.