Desse skal representere Hareid og Ulstein under fylkesfestivalen i UKM

Hiphop: Emile Ngoy skal representere Ulstein med ein dans han utfører og har koreografert sjølv.  Foto: Karrar al-Assawi

Nyhende

Juryane for scene og kunst har hatt ei utfordrande oppgåve med å velje ut kven som skal representere Ulstein og Hareid under fylkesfestivalen i Kristiansund 3. - 5. mai, melder dei lokale arrangørane i ei pressemelding.

- Vi set stor pris på innsatsen til dei sju som sat i scenejury og dei tre som sat i kunstjury, seier arrangørane av Ung Kultur Møtast Hareid og Ulstein.

Juryen har kriterier som må følgast. UKM er ingen konkurranse, men ein arena for å vise det kulturelle mangfaldet i kommunane. Medan aldersgrense for lokalmønstring er frå 10-20 år, er det berre dei som blir 13 i år og opp til 20 år som blir vurdert for fylkesfestival.



 

Scenejuryen har valt desse for å representere kommunane vidare:

HAREID

Ufokusert med låta «Special» (sjølvlaga)

Liv Ellen Overå og Svenning Veiseth med låta «Think Of Me»

Brøytekant med låta «Forelska i lærer`n/TNT»

Pluss FILM/MUSIKKVIDEO: «BFF» av og med Stinge Longva Veddegjerde og Martine Brandal Haugen

ULSTEIN

Pink Guitar med låta «You Give Me» (sjølvlaga)

Emile Ngoy (sjølvlaga dans)

Åsa Hauge, Ida Brevik og Thomas Frekøy Skeide med låta «Love Like This»



 

Kunstjuryen har valt desse for å representere kommunane vidare:

HAREID

Maria Bjåstad Hustadnes med «Freddie Mercury» (blyantteikning)

Pritty Ravi med «Sannheten bak masken» (akvarellmåling)

Martine Brandal Haugen med «Stjernenatt» (akrylmåling)

ULSTEIN

Nikoline Moldskred med «Utan tittel» (akvarell)

Marius Stadeløkken med «Utstillingsobjekt» (installasjon)

Johannes Sæter Gurskevik med «Fire årstider» (foto, serie)


I tillegg har arrangørane høve til å nominere 1-2 kandidatar innanfor UKM Media, konferansier og ung arrangør. Det er arrangør av fylkesfestival som avgjer kven av dei nominerte som får delta. Dette får ein svar på om eit par veker.

KONFERANSIER:

Elise Bergseth (Hareid)

Synnøve Rabben (Ulstein)

Ung arrangør:

Anders Pilskog (Hareid)

Anna Natalie Ballo Hov (Ulstein)

Amanda Osnes Låbakk (Ulstein)

UKM Media:

John Arne Apelseth (Hareid)

Mona Våge (Ulstein)

Victoria Myklebust (Ulstein)