Havila Kystruten og Hurtigruten kan bli ramma:

Dyr nettleige kan øydeleggje for landstraumplanar

Hurtigruteskipet Kong Harald er eitt av skipa som er klargjort for landstraum. Her legg skipet til i Tromsø.   Foto: Marianne Løvland/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK): Prisen på landstraum varierer mykje, viser ei kartlegging frå Zero. Miljøstiftinga meiner nettselskapa må tenkja nytt for å ikkje øydeleggje for landstraumplanane til Hurtigruten og Havila Kystruten.

Miljøstiftinga Zero har kartlagt dei fleste hamnene på kystruta mellom Bergen og Kirkenes med mål om å finna ut kor langt unna dei er å installera straum til batterilading og landstraum, skriv Teknisk Ukeblad.

I dag er det berre Bergen hamn som har laga landstraumanlegg til kystruteskipa. Frå januar 2021 skal både Havila og Hurtigruten segla langs kystruta, og begge reiarlaga har planar om å bruka «plug in hybrid»-skip som kan bruka landstraum for å dekka hotelldrift medan skipa ligg til kai, i tillegg til å lada batteria om bord.

Zero meiner 14 av dei 34 hamnene er eigna for landstraum og batterilading i dag. Vurderinga er basert på kor lenge skipa ligg til kai og kor god tilgang det er på straum ved kai. I resten av hamnene må det truleg større nettoppgraderingar til.

– Den gode nyheita er at mange hamner har god tilgang på straum ved kaien. Den dårlege nyheita er at straumkostnadane vil variera mykje mellom hamnene, og i nokre tilfelle kan prisen berre på nettleiga bli så høg som éi krone per kilowattime. Då vil diesel vera billegare enn straum, og slik kan me ikkje ha det, seier fagansvarleg for energisystem Einar Wilhelmsen i Zero til TU.

Eitt forslag er at nettselskapa tilbyr fleksibel tariff, som gir rimelegare straum mot at skipa kan bli kopla ut ved behov.