Heimevernet skal øve

Frå ei øving i januar 2019 på Heimevernet sitt skule- og kompetansesenter.  Foto: Øystein Vårdal/Forsvaret

Nyhende

Frå førstkomande laurdag og i ei veke framover skal Heimevernet på Søre Sunnmøre ha si årlege øving.

Desse dagane blir det difor militært personell å sjå i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Volda og Ørsta.

Det vil også bli uniformert personell med våpen i gatene, heiter det i ei pressemelding frå Heimevernet.


Statssekretæren gav signal om at HV-11 kan vere berga:

Områdesjefen: - Kjempepositivt

Det seier områdesjef for Sørøyane heimevernsområde, Hans-Ole Låbakk. Men, han er forsiktig med å tenkje at heimevernsdistriktet verkeleg er redda.