Underskriftsaksjon

  Foto: Arkivfoto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Det er starta ein underskriftsaksjon for å få Ulstein kommune til å gjere om på vedtaket om å gjere Flø til turistfyrtårn.

– Vi meiner at trafikkbelastinga alt i dag er for høg i Fløvegen, og ein trafikkauke vil vere direkte farleg, skriv Lillian Flø, som har starta aksjonen på underskrift.no.

Ho viser til at det dagleg køyrer 1500 bilar på Fløvegen.

– Å vere turistfyrtårn vil gje meir eksponering av Fløbygda og trafikkauke langs Fløvegen, heiter det i oppropet. (ekstern lenke)

84 personar har til no skrive under i aksjonen, der det står at "Vi ber Ulstein kommunestyre om å gjere om på vedtaket om å gjere Flø til turistfyrtårn og greie ut konsekvensane av auka turisme.  Vi ber også Ulstein kommune om å involvere dei bebuarane vedtak går ut over i framtidige prosessar. "