Private utbyggjarar stiller spørsmål ved lønsemda i Holstad byggjefelt

– Bør konkurrere på like vilkår

Holstad byggefelt: – Me er hareidspatriotar og har stor tru på Hareid, seier Terje Giskeødegård Balsnes og Thor Ove Rekdal Nedrelid i Trelast og Total-Bygg Hjørungavåg. Sjølv om dei står bak byggjefelt i nærleiken (Brekkane og Iverskogen) er dei ikkje imot utbygginga på Holstad. Dei synest det er bra å leggje til rette for bustadbygging I Hareid, men det må bli gjort på dei rette vilkåra.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Me er ikkje redde for konkurranse, me er redde for at kommunen fjernar moglegheita til å konkurrere.

Thor Ove Nedrelid og Terje Giskeødegård Balsnes
Nyhende

Terje Giskeødegård Balsnes i Trelast As og Thor Ove Rekdal Nedrelid i Total-Bygg Hjørungavåg ønskjer all utbygging i Hareid velkomen, også Holstad Byggjefelt. Men dei stiller spørsmål ved økonomien i det.