Influensatoppen er nådd

Personar i risikogrupper blir framleis oppfordra til å vaksinere seg.   Foto: Ole Gunnar Onsøien/NTB Scanpix/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): Talet på influensasmitta nådde toppen i veke sju, og intensiteten ligg no på eit lågt nivå, opplyser Folkehelseinstituttet.

Overvakingsdata for veke 10 indikerer at førekomsten av influensa gjekk ned i alle regionar, bortsett frå i Nord-Noreg der nivået ligg stabilt, skriv Folkehelsinstituttet i sin rapport for veke 10.

– Influensautbrotet er på hell, skriv FHI i rapporten.

Talet på innlagde per veke er no på eit middels nivå. Det vil likevel vere mange influensasjuke i vekene som kjem, og Folkehelseinstituttet tilrår at personar i utsette grupper vaksinerer seg.

1,4 prosent av dei som oppsøkte lege i førre veke, vart diagnostiserte med influensaliknande sjukdom.

158 personar vart innlagde med influensa i førre veke. Alle tilfella dreidde seg om influensa A (H1N1). Dette er ein etterkommar av viruset som utgjorde pandemien i 2009 og då vart kalla svineinfluensa. Viruset har sidan sirkulert jamleg og blir no rekna som eit normalt sesonginfluensavirus.

Ifølgje FHI kan vinterferie i store delar av landet ha påverka tala for veke 8 og 9. Delen influensapositive gjekk ned frå 22,2 prosent til 16,5 prosent frå veke 9 til veke 10.