Brannvesenet samarbeider med helsestasjonane i Hareid og Ulstein:

Vil ha auka fokus på branntryggleik - også blant småbarnsfamiliar og unge

Branntryggleik i heimen Branningeniør i Hareid og Ulstein brannvesen, Live Gandborg, held her ei komfyrvakt – eit særs nyttig apparat som slår av komfyren dersom det skulle oppstå ein farleg situasjon. Ho hadde med seg Hanne Voksøy (midten) og Kristin Meli, høvesvis helsesjukepleiar i Hareid kommune og leiande helsesjukepleiar i Ulstein kommune. Saman ønskjer dei å rette fokuset kring branntryggleik slik at også småbarnsfamiliar er på vakt.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Sjølv om komfyrvaktkampanjen gjekk av stabelen i februar i år, gjeld fokuset på branntryggleik i heimen naturlegvis året rundt. Nytt av i år er at brannvesenet gjerne ønskjer kontakt med småbarnsfamiliar og unge menneske kring tematikken.

Den årvisse komfyrvaktkampanjen i regi av DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) er eit ledd i arbeidet som blir gjort for å førebyggje brann.

– Vårt arbeid er sjølvsagt å gjere alt vi kan for å førebyggje at det byrjar å brenne i heimane til folk, seier Live Gandborg, branningeniør i Hareid og Ulstein brannvesen.

Komfyrbrannar også hos yngre

Ho fortel at når det til dømes gjeld brannar knytt til komfyrar, som utgjer om lag halvparten av brannane som oppstår i Norge – så er det ofte eldre menneske fokuset blir retta mot.

– Det ein ser er at komfyrbrannar like gjerne kan oppstå i heimane til småbarnsfamiliar og unge personar. Og difor tok vi i år kontakt med helsestasjonane i Hareid og Ulstein for å høyre om vi kunne få til eit samarbeid med dei framover. Både for å førebyggje brann, men også for å kunne dele ut éi komfyrvakt i kvar av kommunane, til nokon som har behov for det, seier Gandborg.

Og det takka begge helsestasjonane gladeleg ja til.

– Det var veldig kjekt å få førespurnaden frå brannvesenet, og vi ser heilt klart eit behov for å kunne opplyse om dette, seier Kristin Meli, leiande helsesjukepleiar i Ulstein kommune.

– Det har diverre ikkje vore så mykje fokus på dette tidlegare, men vi ser jo at dette er noko det er viktig å snakke om – og ikkje minst framsnakke, seier Hanne Voksøy, helsesjukepleiar i Hareid kommune.

Brannvesenet var på besøk på helsestasjonane i februar, og effekten har allereie vist seg.

– Vi har til dømes byrja å snakke om dette når vi er på heimebesøk. Vi ønskjer også å ha fokus på dette i barselgrupper, seier Hanne Voksøy.

– Småbarnsfamiliar er ei sårbar gruppe, då det ofte kan vere ein stressande kvardag. Det er like lett for ein småbarnsfar- eller mor å gløyme det som kokar på komfyren, som det er for ein eldre person. Vi må tenkje branntryggleik også for denne gruppa, seier Live Gandborg.

Ho fortel at også brannvesenet kan stille på heimebesøk hos folk, dersom ein ønskjer å vite kor brannsikker heimen eigentleg er.