Brannstasjon på anbod

Teknisk utval går inn for at kommunen gjennomfører ein open anbodskonkurranse for å få bygt ein ny brannstasjon i Ulsteinvik.

Raudt: Innanfor det raude området ser Ulstein kommune for seg at den nye brannstasjonen bør vere.  Foto: Ulstein kommune

Nyhende

Bygging av ny brannstasjon i Ulstein har vore oppe i politiske fora i fleire omgangar. No ville kommunalsjef Arne Runar Vik kome i mål med denne saka, så han la fram to alternative tilrådingar til teknisk utval. Det eine var at kommunen gir administrasjonen fullmakt til å gjennomføre ein open anbodskonkurranse om etablering av ny brannstasjon i Ulsteinvik innanfor området på kartet til høgre i denne saka, skissert raudt.