Fekk ikkje fleirtal for kommunal overtaking på Flø

Kristin Myrene (Sp) fekk ikkje med seg teknisk utval på at kommunen skal ta over Flø Fiskerihamn.

Fiskerihamn: Kristin Moldskred Myrene synest fiskerihamna på Flø bør vere i kommunal eige.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Kystverket har fått i oppdrag å avhende ikkje næringsaktive fiskerihamner. I samband med det har Ulstein kommune fått tilbod om å kjøpe Flø fiskerihamn for 950 000 kr.