Bokåret 2019:

På tide å dykke ned i ei god bok om havet

Plast Det er ikkje berre korallar og fiskar i havet. På Ulstein bibliotek er det no ei utstilling frå Runde Miljøsenter og plast i havet. Audun Hopland og konstituert biblioteksjef Britt Opsahl Myrene ønskjer alle velkomen innom Ulstein Bibliotek. Dei hjelper gjerne til med å finne interessante bøker å låne med heim.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide.

Nyhende

Les ei bok der handlinga skjer på eller ved havet, er utfordringa for mars i Bokåret 2019. Ulstein bibliotek lagar til utstilling og arrangement som skal setje lånetakarane i den rette stemninga.