Innbyggjarane i Kaldholen og på Røyset:

– Når kommunen no seier dei løyver 2,2 millionar, så er det ikkje sikkert dei kjem i mål med det

– Endeleg vart det ei løysing på dette. Det er noko vi har venta lenge på. Men, no står det att å sjå kor rimeleg kommunen kan gjere dette. Det er vi sjølvsagt veldig spente på, seier Roy Victor Bikset. Han og fleire andre av innbyggjarane langs Røysetvegen møtte opp på Melshorn Hotell for å få med seg kva politikarane bestemte seg for i saka kring tilknyting til det kommunale leidningsnettet.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Fleire av innbyggjarane møtte fram for å få med seg handsaminga av saka kring leidningsnettet som kommunen legg frå Bjåstad til Røyset. Sjølv om politikarane valde å halde på løfta administrasjonen gav innbyggjarane, er det framleis litt usikkerheit.