Nyland har signert toårsavtale med Hødd

  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Laurdag formiddag vart det klart at 25 år gamle Sander Håskjold Nyland blir hovudtrenar for Hødd sitt A-lag i 2019.

Ifølgje ei pressemelding frå Hødd har han signert ein ny toårsavtale med klubben.

Nyland har vore trenar i Hødd sidan 2016 og var i fjor assistent-trenar under Sindre Eid.

Dei to siste åra har han også hatt hovudansvaret for Hødd sitt andrelag.

Sportssjef i Hødd, André Nevstad, skriv i pressemeldinga at klubben har hatt ein ein god og grundig prosess rundt tilsettinga av ny hovudtrenar.

- Det er med stor glede at vi i dag kan presentere Sander som Hødd sin nye hovudtrenar. Sander har hatt hovudansvaret dei siste månadene, og gjort ein veldig god jobb saman med dei andre i teamet. Vi er opptatt av å utvikle både spelarar og trenarar i Hødd, og slik skape sterke kollektiv som skal bringe klubben vidare, seier Nevstad i pressemeldinga.




Ønskte å forlenge kontrakten - fekk nei frå styret:

- Eg er umåteleg stolt over å ha fått trene Hødd

Sindre Eid er ikkje lenger Hødd-trenar, sjølv om han eigentleg hadde lyst til å halde fram i jobben.