Promillekontroll og vanskelege gjestar

Nyhende

Klokka 22:39 melde politiet i Møre og Romsdal om ein promillekontroll som hadde blitt gjennomført langs Sundgotvegen i Ulsteinvik. 41 sjåførar blei kontrollerte, men det var ingen reaksjonar å melde.

Klokka 22:51 melde politiet i Møre og Romsdal om vanskelege gjestar ved ein utestad på Hareid. Personane hadde fått beskjed om å fjerne seg av dei tilsette ved den aktuelle utestaden, men ville ikkje høyre på det. Politiet blei kalla til staden for å handtere situasjonen.

Klokka 23:56 oppdaterte politiet med at ein mann i 20-åra blir sett i arresten for bråk, og for å ha hindra politiet i arbeidet. To andre menn blei vist bort frå staden.