Bernt Brandal la fram forslag om at Hareid kommune kan kjøpe Brandal fiskerihamn - fekk med seg resten:

– Ei god avgjersle

Nøgd Bernt Brandal i Folkelista for Hareid kommune argumenterte godt for sitt forslag til vedtak kring avhending av Brandal fiskerihamn. Forslaget hans blei vedteke samrøystes.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Bernt Brandal (Folkelista) var godt nøgd med å ha fått gjennomslag for sitt forslag om at Brandal fiskerihamn framleis skal vere i statleg eigarskap - og at Hareid kommune kan bli kjøpar dersom ikkje fylkeskommunen eller statlege institusjonar slår til.