Naboprotestar mot tomannsbustad i villastrøk:

Utbyggjar: – Me held oss til det utvalet har bestemt

Nabolag Karl Oskar Moldskred, Kristin Overvåg, Gunn Hofset, Synnøve Overvåg, Arve Overvåg og Berit Hjort meinte den nye tomannsbustaden som vil kome på tomta bak dei vil bli veldig dominerande og ruvande i villastrøket og ta mykje av utsikta og sola. Dei seier at dei ikkje har noko i mot at nokon byggjer der, det var storleiken dei syntest vart så enorm.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Fleire naboar reagerte og sende klage til Ulstein kommune då Framtidsbolig AS grov ut ei tomt for å føre opp ein tomannsbustad der. Torsdag var saka oppe i teknisk utval, og naboane vil rosa politikarane for at dei tok seg tid til å høyre på dei.