Equinor forlengar kontrakta for Island Wellserver

  Foto: pressefoto

Nyhende

Fartøyet har vore på kontrakt for Equinor sidan april 2009.

Den nye avtalen inneber at Equinor har forlenga eksisterande avtale med eitt år, med opsjon på 3 gonger 1 ytterlegare år. Dette vil gje Island Wellserver kontinuerleg arbeid i minimum 200 dagar i året tilsvarande dagens kontrakt.

- Dei siste åra har verkeleg sett oss på prøve, men som eigar og operatør innan lett brønnintervensjon har vi heile vegen hevda at dette segmentet er levedyktig, og no har vi fått bevis på behovet for tenestene våre. Å få fornya tillit med Equinor er svært gledeleg for oss, og vi har håp og tru om operasjon utover dei 200 faste dagane på norsk sokkel, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore, i ei pressemelding frå reiarlaget.

Strategisk samarbeid

Island Offshore og TechnipFMC inngjekk i 2018 ei strategisk samarbeidsavtale innan brønnintervensjonsleveransar, og Island Offshore selde samstundes aksjemajoriteten i dotterselskapet Island Offshore Subsea til TechnipFMC. Selskapet heiter no TIOS AS og er kontraktspart med Equinor, medan Island Offshore står for leveranse av fartøy med maritimt mannskap.