Ombygging tek lenger tid enn planlagt

Nyhende

Først tysdag 26. mars blir det igjen mogleg å bestille pass ved Ulstein og Hareid lensmannskontor i Ulsteinvik.

Kontoret vart stengt 21. februar, fordi det skulle byggast om:



Arbeidet skulle eigentleg vere ferdig rundt 15. mars, men det viser seg no at ombyggingsarbeidet tek lenger tid enn planlagt, fortel lensmann Hans-Eirik Pettersen.

Tysdag i neste veke er kontoret igjen ope for passbestilling.

Ekspedisjonen vil opne for andre førespurnader i morgon, tysdag 19. mars.