Psykolog og familieterapeut Hedvig Montgomery til Hareid

Stor interesse for foreldremøte i Hareidhallen

Korleis får du eit lukkeleg barn? Torsdag skipar Hareid kommune til foreldremøte i Hareidhallen med Hedvig Montgomery. Den kjende psykologen vil dele av sine triks om korleis born og foreldre kan ha det bra med seg sjølv – og kvarandre.

Stor interesse: Torsdag vert det foreldremøte i Hareidhallen der psykolog og familieterapeut Hedvig Montgomery vil fortelje om korleis ein kan gi borna ein god barndom og eit postitivt sjølvbilde. Pressefoto 

Nyhende

Du såg henne kanskje hos Lindmo på NRK fredagskvelden? Psykolog og familieterapeut Hedvig Montgomery har arbeidd i 20 år med barn og familiar og gav i fjor ut boka «Foreldremagi».

Her kjem ho mellom anna med gode råd om korleis du kan gi barnet eit godt sjølvbilde og svar på kva som er det viktigaste foreldra kan gjere i løpet av ein barndom.

– Det har vore stor interesse for dette foreldremøtet på førehand, seier rådgjevar Mariann Båtnes i Sektor for opplæring og kultur i Hareid kommune. Ho fortel at meir enn 400 har meldt si interesse for arrangementet via Facebook.

– Kom igjen, fedre!

– Vi håper at mange ikkje berre syner interesse på Facebook, men at dei også verkeleg tek turen til Hareidhallen. Vi oppmodar særleg fedrane til å bli med, for veldig mange av dei som er interessert er kvinner, men vi håper at også mange menn vil vere med på dette. Og ikkje berre foreldre, men onklar, tanter og besteforeldre er naturlegvis velkomne. Det same gjeld interesserte frå andre kommunar, seier Båtnes som syner til det afrikanske ordtaket om at det trengst ein heil landsby for å oppdra eit barn.

– Synet på det å oppdra barn endrar seg i ulike periodar, ifølgje Montgomery. For eit par generasjonar sidan var det autoritetane som rådde, medan dei som kom etter fekk ein meir fri oppvekst. I dag er mellom anna skjermbruk og internett ei stor utfordring. Hedvig Montgomery sin filosofi er at vi må ta utgangspunkt i barnet som person og bli kjent med kven barnet vårt er. Ein viktig del av foredraget hennar vil handle om kjensler, å kjenne og kunne regulere sine eigne kjensler og å forstå barna sine kjensler. Alle ønskjer vi å gi barna våre ein trygg oppvekst og eit godt sjølvbilde. Eit god sjølvbilde dannar grunnmuren for ein glad barndom og eit godt vaksenliv, seier Mariann Båtnes.

Gratis

Det kostar ingen ting å ta del.

– I Oslo må dei ut med 700 kroner for å få med seg det same foredraget. Vi har valt å tilby dette gratis.

Foreldremøtet vart arrangert som ein del av kvalitetsplanen for god oppvekst i Hareid kommune. Denne planen er eit verktøy for dei som har med born å gjere, foreldre, barnehagar og skule, til å nå ei felles målsetjing.

Fredag skal Hedvig Montgomery ta del på ein fagdag for tilsette i barnehagen og skulen i Hareid, i tillegg vert rundt 90 deltakarar frå nabokommunane med.