Vikebladet Vestposten går frå tre til to utgåver i veka

– Målet er eit betre avisprodukt

Ved å redusere talet på papirutgåver i veka frå tre til to, ønskjer redaktør og dagleg leiar Linda Eikrem i Vikebladet Vestposten å skape eit endå betre avisprodukt.

Vil frigi ressursar: Frå 21. mai vil Vikebladet Vestposten kome ut to gonger i veka. - Sjølv om utgåvene vert færre vil det totale avisproduktet verte betre, meiner redaktør og dagleg leiar Linda Eikrem, omgitt f.v. av medarbeidarane Ingvild Aursøy Måseide, Andreas Bjerknes, Rose Mari Dragsund Bjørnerem, Kristin Linge og Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. Foto: Jorulf Myrene 

Nyhende

Frå og med 21. mai vil Vikebladet Vestposten kome ut to gonger i veka, tysdagar og fredagar. Målet er at dette skal gjere det samla produktet betre.

– Korleis kan avisa verte betre når det vert færre utgåver?

– Sjølv om vi går ned frå tre til to aviser i veka vil innhaldsmengda vere den same som i dag, om ikkje større, berre at dette vert fordelt på to papirutgåver i staden for tre. Vi lovar fyldige papiraviser, og vi har eit mål om å verte endå kjappare med nyheitsoppdatering på vikebladet.no, seier Linda Eikrem. Ho fortel at å drive lokalavis i dag omfattar to svært ulike måtar å jobbe på.

– For Vikebladet Vestposten inneber papiravisa at dei tilsette arbeider etter faste fristar som må overhaldast tre dagar i veka, medan nettavisa vert drifta kontinuerleg. Begge deler krev ressursar.

Posten

Noko anna som har gjort nedgangen i utgjevingsfrekvens aktuelt er at Posten planlegg å kutte i omberingstilbodet sitt, seier ho.

– Er du budd på reaksjonar frå lesarane?

– Det er eg. Det vert inga endring i abonnementsprisen. Men det er viktig at abonnentane er klar over at vi frigjer ressursar ved å redusere talet på papirutgåver. Desse ressursane vil vi nytte til å skape meir innhald, både på papir og på nett. Vi kjem også til å gi ut to aviser i veka gjennom heile sommaren, i staden for å gå ned til ei utgåve slik det har vore gjort i alle år før, seier redaktør og dagleg leiar.

Annonsørane

Utgjevingsdagar vert altså tysdag og fredag. Dette er noko som er vedteke i samråd med annonsørane. Lokalavisa har hatt møte med næringslivet der endringane i frekvens har vore drøfta, og ifølgje Eikrem har planane ikkje vekt dei store reaksjonane.

– Mange lurer faktisk på kvifor vi ikkje har gjennomført desse endringane tidlegare, seier Eikrem.

Redaktøren fortel at tankane om å gå ned frå tre til to aviser i veka er noko som har vakse seg fram over tid og at det er stor semje hos staben i Vikebladet Vestposten om at tida no er inne for å gjennomføre dette.

– Lesarane våre er svært digitale, i dag har vi rundt 1060 abonnentar som berre les avisa på nett. Eg vil elles oppmode alle abonnentar til å registrere seg digitalt slik at dei kan utnytte abonnementet sitt fullt ut med full tilgang til alle nettsakene på vikebladet.no og til den elektroniske utgåva av Vikebladet Vestposten. Alle er kanskje ikkje klar over at det går an å dele abonnementet sitt med familiemedlemmar? Er det noko de lurer på i samband med omlegginga må de ikkje nøle med å ta kontakt, seier Eikrem.

Vikebladet kom ut med ei utgåve i veka frå starten i 1929 og fram til 1977. Då tok avisa til å kome ut tysdagar og torsdagar. Ti år seinare var annonsemengda blitt så stor at ein måtte utvide til tre utgåver i veka, med laurdag som ny utgjevingsdag. Denne ordninga heldt fram også etter at Vikebladet og Vestposten slo seg saman hausten 1989.