Avsluttar sesongen på heimebane

Tysdag spelar Hareid heimekamp mot Volda 3. Her frå oppgjeret mot Sykkylven/Stranda i helga. Foto: Erik K. Heimdal. 

Nyhende

Etter eitt poeng på to kampar i helga skal Hareid sine handballdamer i 4.-divisjon avslutte sesongen i Hareidhallen tysdag kveld.


Uavgjort mot Sykkylven/Stranda:

Dramatiske sluttminutt i Hareidhallen

 

Dit kjem Volda 3, som før kampen ligg på ein tredjeplass i avdelinga. Då laga møttest i Volda i desember var det Volda 3 som var sterkast og som vann 24–14. Volda 3 skulle spelt mot Træff 2 i helga som var, men denne kampen vart utsett. Kveldens bortelag tapte sin siste kamp. Då enda det 19-17 i favør Spjelkavik 2, men før det hadde ikkje Volda-laget tapt sidan før nyttår.

For Hareid sin del så er sigeren over Træff 2 i januar den einaste på denne sida av nyttår. I helga var dei nære, men det enda til slutt med poengdeleing i kampen mot Sykkylven/Stranda.