Brannøving i Eiksundtunnelen tysdag kveld

Eiksundtunnelen er stengd pga brannøving.

Nyhende

Eiksundtunnelen vart stengd like før klokka 19.00 tysdag.

Årsaka er at Statens vegvesen og naudetatane skal ha brannøving i den knapt åtte kilometer lange tunnelen.

Denne gjengen var tysdag kveld klar for å øve på brann i Eiksundtunnelen.  Foto: Bjørn Gray

 

Tunnelen kjem til å vere stengd til klokka 21.30, og publikum vil sjå røyk på begge sider av tunnelen under øvinga.



  Foto: Bjørn Gray

Øvinga har vore varsla, men ikkje alle har fått med seg at tunnelen kom til å vere stengd i tre timar tysdagskvelden.

-  Hittil har det har kome rundt ti bilar som har måtte snu, fortel Bjørn Gray, som er på staden for å ta bilde for Vikebladet Vestposten.