Erstatte assisterande rådmann med ny kommunalsjef?

Ulstein kommune vurderer å tilsetje ein kommunalsjef for stab i staden for assisterande rådmann.

Ny stilling: Rådmann Verner Larsen kjem med eit innspel til den nye stillinga. Arkivfoto  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Nyhende

Då assisterande rådmann Verner Larsen fekk jobben som ny rådmann i Ulstein kommune, var det fleire som lurte på om ein no kunne spare inn stillinga som assisterande rådmann. Men på sist kommunestyremøte vedtok politikarane at dei ikkje vil spare pengar på å droppe denne stillinga.

Ulstein formannskap har møte i dag, tysdag 19. mars, og skal der diskutere eit notat frå rådmannen. Larsen skriv at den ledige stilling har vore diskutert i rådmannen si leiargruppe. Dei har kome fram til ein del arbeidsoppgåver og kvalifikasjonar til denne stillinga. I tillegg til å vere stadfortredar for rådmannen er det mange oppgåver lagt til jobben, mellom anna overordna ansvar for tverrsektorielt utviklingsarbeid, kvalitetssikring, koordinering og utvikling av innkjøpsfunksjonen. Dei søkjer etter ein person med høgare utdanning, som er tydeleg, trygg og samlande.

Men stillinga blir ikkje lyst ut som assisterande rådmann, men kommunalsjef stab. Kommunalsjefen skal vere med i rådmannen si leiargruppe og rapportere til rådmannen.