Arbeidsulukke i Ulsteinvik:

Mann datt 3-4 meter under arbeid på ein båt

Nyhende

Politiet i Møre og Romsdal melde klokka 11.58 at ein mann datt ned 3-4 meter under arbeid på ein båt. Mannen er skadd i ein arm.

Mannen blei køyrt til sjukehus for behandling. Ein politipatrulje er på staden for å gjere undersøkingar.