På denne butikken i Ulstein blir det panta mest

Pantesjef Hege Bergsnes Dahl og butikksjef Jonny Mork passar på så panteautomaten er i orden når kundane kjem.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

I 2018 panta nordmenn nesten 1,2 milliardar bokar og flasker, nesten 94 millionar meir enn året før.   Foto: Katrine Lunde

Nyhende

Rema 1000 Ulsteinvik er den butikken i Ulstein kommune som tok imot mest pant. Butikken fekk inn nesten 800 000 boksar og flasker i panteautomaten i fjor. Dei fekk inn 11 prosent meir enn året før, noko butikksjef Johnny Mork forklarer til Vikebladet Vestposten med at omsetnaden auka, då var det naturleg at dei også fekk inn meir pant.

På femteplass i fylket

Infinitum, som driv det norske pantesystemet, har laga ei liste over dei ti butikane i Møre og Romsdal som fekk inn mest pant i 2018. Der ligg Rema 1000 Ulsteinvik på femteplass.

Omtrent 9 av 10 boksar og flasker som blir selde, kjem tilbake gjennom panteautomatane og blir resirkulert til nye produkt. Dei resterande blir samla inn gjennom ulike avfallssystem, der mykje diverre blir brent.

– Vi vil ha alt inn i pantesystemet. Det er det mest miljøvennlege, for då blir materialet resirkulert, og vi reduserer CO2 utsleppa og sparer betydelege mengder energi og råmateriale. Både plast og aluminium kan resirkulerast mange gongar, seier administrerande direktør Kjell Olav Maldum i Infinitum.

Ser til at panteautomaten er i orden

Butikksjef Jonny Mork på Rema 1000 Ulsteinvik seier til Vikebladet Vestposten at dei har avtale med Tomra, så om det er noko gale med automaten ringjer dei og får han reparert så kjapt som råd. Mork veit at om kundane ikkje får panta flaskene og boksane sine, så kan dei gå på ein annan butikk.

Og dei passer på å ta unna flasker og boksa etter kvart som dei blir panta, så det ikkje hopar seg opp og kundane ikkje får levert tomgodset sitt.