Besøk til Ishavsmuseet:

Abid på ein torsdag

Førstkomande torsdag kjem stortingspolitikar og Venstre-mann Abid Raja til Hareid.

På Besøk: Abid Raja har reist mykje rundt i Noreg siste tida. Torsdag kjem han til Hareid. Foto: Stortinget  Foto: PETER MYDSKE

Nyhende

Annika Brandal i Hareid Venstre er veldig glad for at Abid Raja kjem på besøk til dei førstkomande torsdag.

– Diverre kjem han på eit ugunstig tidspunkt, men det var det tidspunktet me fekk, seier ho. Og håper at dei når han kjem får lage ein avtale med han om å kome igjen, på eit betre tidspunkt.

Abid Raja har vore i Ulstein og Hareid fleire gonger, men ofte på korte besøk.

Riise møtte Raja

Stortingspolitikar diskuterte ferjer

– Ta lønsjen på Ishavsmuseet

Det blir ope møte på Ishavsmuseet Aarvak torsdag føremiddag, like ved lønsjtider, så Brandal håper at mange vil kome og ta lønsjen sin der.

Det er ikkje tilfeldig at det opne møtet er lagt til ishavsmuseet. Raja sit i Stortingets utanriks- og forsvarskomite, og det er dei som har ansvar for polare strok. Brandal har eit stort engasjement for museet og Brandal, og det håper ho at Raja også vil få. Sjølv om ikkje heile møtet vil handle om Ishavsmuseet, vil ho passe på at han får høyre og lære litt om museet.

Om å tore å engasjere seg

Abid Raja kjem til Hareid i samband med at han reiser rundt på Sunnmøre i to dagar. Han skal mellom anna innom Sula og Giske, der dei skal ha nominasjonsmøte.

Annika Brandal seier til Vikebladet Vestposten at lista til Hareid Venstre kjem snart, men legg ikkje skjul på at det har vore vanskeleg å få folk til å stå på liste. Ho veit at det er det fleire parti som slit med. – Mange vegrar seg for å engasjere seg og stå på ei partiliste, seier ho.

– Abid Raja er ein reflektert og engasjert mann. Han vil snakke om at folk må engasjere seg, uavhengig av parti, seier ho.

For Brandal er det viktig å ha breidde og engasjement i lokalpolitikken. Ho ønskjer alle velkomen til å møte Abid Raja på torsdag, uavhengig av partitilhøyrsle eller ståstad.

Abid Raja vil også snakke om kva Venstre gjer for distrikta, både for næringsliv og generelt.

– Så håper eg at dette blir ein smakebit, så han får lyst til å kome igjen til eit utvida møte ved eit seinare høve.

Brandal håper også å få kulturminister og partileiar Trine Skei Grande oppover til Hareid ein annan gong.