Blåst Film med verdspremiere i København

Det vesle filmselskapet Blåst Film, med hovudkontor på Leikong, har i kveld verdspremiere på filmen «Vinterens håp» under dokumentarfilmfestivalen CPH: DOX i København.

dOKUMENTAR: Frå opptaka til «Vinterens Håp» heime hos tenåringsjenta Kirsten, ein av dei tre personane vi vert betre kjende med gjennom denne dokumentarfilmen. 

Nyhende

Det er dei to brørne Are og Sturla Pilskog frå Hjørungavåg som står bak filmselskapet Blåst Film. Are bur i dag på Leikong, medan Sturla bur i København.