Nytt rekordår for hjortejakta

Det blir felt stadig fleire hjortedyr i Noreg. I jaktåret 2018–2019 vart det sett ny rekord med over 43.000 felte hjort.  Foto: Illustrasjonsfoto/Kari Hamre/NPK.

Nyhende

(NPK-NTB): Det blir felt stadig fleire hjortedyr i Noreg. I jaktåret 2018–2019 vart det sett ny rekord med over 43.000 felte hjort. Talet på felte elg går derimot ned.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) vart det felt totalt 43.800 hjort og 30.600 elg i jaktåret 2018-2019, som går frå 1. april til 31. mars.

Utbyttet frå hjortejakta auka dermed med 10 prosent frå føregåande jaktår, medan elgjakta hadde ein nedgang i utbyttet på 3 prosent.

Fellingsprosenten – altså kor stor del av kvoten som vart felt – var på 70 prosent for hjort og 77 prosent for elg. Kvotane var på høvesvis 62.700 hjort og 39.800 elg.

I siste jaktår vart det for første gong opna for felling av hjort også i Østfold, der 11 dyr av kvoten på 18 vart felte. Det er framleis Vestlandet som er kjerneområdet for hjortejakt, og i Sogn og Fjordane vart det felt 12.300 dyr av ein kvote på 18.400.

Trøndelag er det største fylket for elgjakt, med Hedmark som eit klar nummer to. Steinkjer er den største elgjaktkommunen målt i talet på felte elg (900), medan Kvinnherad toppar kommunestatistikken for felte hjort med 1.197 dyr.